Natur- og kulturstien

Natur og kulturstien

Turområdet

Natur- og kulturstien er åpen for allmenn ferdsel og er mykje brukt av familiar, barnehagar og skuleklassar. 

Natur- og kulturstien er delt i to, med kulturstien på vestsida av vegen og naturstien på austsida. Stiane er til saman ca fem kilometer lange og gir varierte opplevingar. Det er satt opp vegvisarar og mange informasjonsskilt om landskapet og plante- og dyrelivet. Ved fotballbanen er det god parkeringsplass. 

Kulturstien

Kulturstien går for det meste i områder med dyrka mark og beite, og er tydelig påverka av landbruket sine driftsformer. Her kan du sjå moderne gardsdrift og oppleve plante- og dyrelivet knytta til kulturlandskapet og i Figgjoelva. Dessutan finn du spor frå gamle tider i form av fornminner: heller som vart brukt som bustad i eldre steinalder, gravhaugar frå jernalderen, gammal ferdselveg og vadesteinar i elva. Du får også vite kva åkerhakk og høystakktufter er for noko.

Naturstien
Naturstien er også tydeleg prega av menneskelege inngrep, men har meir "naturpreg", med skog, myr, tjern og elv. Det er to naturreservat nær stien - begge har eit rikt fugleliv. Øksnevadtjern vart danna ved at ei stor isblokk vart liggjande og sakte forsvann etter siste istid. Lonavatnet er ein del av Figgjoelva. I begge reservata er det fugletårn der ein kan observera fuglane gjennom ulike årstider. 

naturstien-mark

Bilde fra Kulturstien.

oksnevadtjorn

Øksnevadtjørn sett fra fugletårnet.

geese

Grågås er et vanlig syn ved Øksnevadtjørn tidlig på våren. 

hoylandsfe

Disse kan du treffe på i myrområdene ved Øksnevadtjørn.